Invitasjon til deltaking på karrieremessa ved Dale vidaregåande skule tysdag 5. februar 2019

karriere illustrasjon 1 - Klikk for stort bilete

Til verksemder i kommunane

Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund, Gulen og Gaular

 

Invitasjon til deltaking på karrieremessa ved Dale vidaregåande skule tysdag 5. februar 2019.

Innhald på messa:

  • 600 elevar - 8.,9. og 10.- klassingar frå  kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestrad, Solund, Gulen og Gaular i tillegg til elevar ved Dale vidaregåande skule deltek.
  • 4-6 miniseminar med tilflytting, karriere, entreprenørskap og framtidstru som tema
  • Fadderordning der DVG-elevar losar «sine» klassar på heile messedagen
  • Organisert førebuing og oppfølging av messedagen i den einskilde klasse
  • Messeavis som går til alle husstandane i HAFS + Lavik og Gaular. Avisa vil presentere utvalde bedrifter og ungdommar frå heile regionen, og ha plass til annonser frå næringslivet.
  • Eigen marknadskampanje på sosiale media. Kampanjen skal marknadsføre messa og dei deltakande bedriftene. Bedrifter som melder seg på messa innan 1. november, får gratis profilering gjennom kampanjen.
  • Det vert plukka ut bedrifter som vert brukte i klassane sitt førebuingsarbeid før messa.
  • Siste frist for påmelding er sett til 10. januar 2019. Alle påmelde bedrifter får tilsendt utstillingskart og praktiske opplysningar på epost.

Kvifor skal mi bedrift delta:

  • Kampen om arbeidskrafta tilspissar seg.
  • Regional- og lokalkunnskap er vårt beste konkurransefortrinn
  • Mangfald verkar forlokkande, men mangfaldet må visast fram
  • HAFS har samla vekst i arbeidsplassar, men også samla folketalsnedgang
  • Internpendlinga veks, og stadig fleire aksepterer å dagpendle over kommunegrenser
  • Kampen om arbeidskrafta startar før ungdommane flyttar ut – når overgangsvindauget opnar seg, er det for seint å bygge haldningar.

Nokre tips til slutt:

  • Aktiv medverknad vert lettare hugsa enn detaljert informasjon
  • Informasjonen  må vere så konkret som mogeleg
  • Sats på langsiktige effektar

Velkommen til viktig rekrutteringsarbeid i Fjalerhallen tysdag 5. februar 2019.

Meld deg på til: https://www.deltager.no/karrieremesseiHAFS2019 innan torsdag 10. januar, men hugs at dei som melder seg på innan torsdag 1. november 2018, får gratis deltaking i marknadskampanjen fram til messa tysdag  5. februar.

Fann du det du leitte etter?