Investeringsmidlar til tiltak i beiteområde

Askvoll kommune lyser ut investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2020. Søknadsfrist er 10.03.2020Sauer på dokka, juli 2009 - Klikk for stort bilete 

Om tilskot til tiltak i beiteområde


Formålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda. Midlane skal forvaltast i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder (FOR-2013-02-04-206). Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære. Døme på aktuelle tiltak:

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sperregjerder for å sikre at dyr ikkje kjem over i farleg område
  • Gjetarhytter/sankehytter
  • Elektronisk overvakingsutstyr

 

Prioriteringar for 2020

  • Investeringar i teknologi knytt til beitebruk
  • Faste installasjonar og kostnadskrevjande investeringar

Tilskotssatsen vert tilpassa søknadsmengda.

Søknad


Beitelag sender søknad til kommunen. Søknadsskjema leverast elektronisk gjennom Altinn, men det er og høve til å levere papirskjema. Hugs naudsynte vedlegg til søknaden, som til dømes kart og løyver.

Kontakt

Johannes Folkestad

Rådgjevar landbruk
Telefon : 57 73 07 37
Mobil : 47 30 96 33
E-post : Send e-post