Informasjon rundt ekstremveret "Ingunn"

Ekstremveret "Ingunn" treff Noreg onsdag og det er venta kraftig vind.

Det er venta kraftig vind, med lokale vindkast på 35-50 meter per sekund frå sør, seinare sørvest, og orkan på kysten. Vinden aukar først ved Stad og minkar sist på Nordmøre (kjelde: yr.no)

Raud farevarsel gjeld for delar av Nordfjord og ytre strøk, men vi ynskjer å gjere merksam på uveret og kva de som innbygjarar kan gjere av førebyggjande tiltak og kva kommunen kan gjere

Kva bør du gjere?

Vi oppmodar innbyggjarane våre til å vise varsemd, sikre lause gjenstandar og sjekke fortøying på båtar. I tillegg bør ein og sjekke at takrenner, slukar og kummar m.v. er fri for rusk, løv og anna avfall.

Vi oppmodar alle om å lade opp mobiltelefonar og elbilar m.v. for sikkerheits skuld.

Dersom de skal ut og reise oppmodar vi dykk om å sjekke eventuelle gjeldande beredskapsvarsel for kommunen de reiser til.

Kva gjer kommunen?

Askvoll kommune opprettheld vanleg beredskap, som tilseier at når ein får åtvaring om til dømes mykje regn, sjekkar tilsette ved driftssentralen offentlege kummar, slukar og grøfter. Ved mykje vind sikrar dei og lause gjenstandar på kommunal eigedom.

For meir informasjon:

Oppdatert informasjon om ekstremværet «Ingunn» finn de på Meteorologisk institutt sine heimesider

For å sjå korleis vinden bevegar seg og prognose framover for veret, sjå yr.no

Om du lurer på straumbrot eller vil melde frå om dette, sjå Linja sitt straumbrotkart