Finn viktig informasjon om:

 

Informasjon om ambulansebåttenesta i Askvoll kommune

Frå søndag 1. mai er det slutt på ambulansebåt i Askvoll. For Atløy vert det beredskapsferje på strekninga Askvoll - Gjervik som transporterer ambulanse til og frå øysamfunnet.

Søndag 1. mai overtar GulenSkyss AS som ny operatør av ambulansebåtar i Helse Førde. Frå same dag vil ambulansebåtoppdrag på øyane i Askvoll kommune bli handtert av ambulansebåt frå anten Solund eller Kinn. Ambulansebåtane vert stasjonert i Hardbakke i Solund og Florø i Kinn.  

Helse Førde har gjennom Skyss (Vestland fylkeskommune) inngått avtale med Fjord1 om beredskapsferje på sambandet Askvoll – Gjervik (Atløy). Denne ordninga sikrar eigna transportkapasitet for Atløy.   

Bruk av beredskapsferje  

AMK Førde kan rekvirere ferja til å utføre ekstraturar ved medisinske akuttsituasjonar og ambulanseoppdrag. Helse Førde og Askvoll kommune er i dialog knytt til den samla beredskapen, bruken av beredskapsferje og kommunen sine beredskapsetatar. I samtalane ser vi på korleis ein kan samordne ei beredskapskjede med ambulansetenesta, legevakt og brann og redning.   
    
Dersom det oppstår forseinkingar på ordinær ruteoppsett vil Fjord1 varsle på SMS til reisande som abonnerer på ruteinformasjon. Det er eit mål å redusere ulempene for faste reisande i størst mogeleg grad, og særleg på dei mest kritiske avgangane i kvardagane.    


Ambulansebåtane

Nybygget «Rosesol», som skal gå til Solund, vert i desse dagar ferdigstilt ved Måløy verft. I påvente av ferdigstilling vil reservebåten «Roselyn» bli stasjonert Solund for ein kortare periode. Når nybygget er klart, vil reservebåten bli stasjonert i Florø til det andre nybygget «Roseflora» går inn i drift i juli. 

GulenSkyss AS har leigd inn katamaranen “Skorpefjord” for å vere i beredskap til nytt materiell er på plass i Solund. Dette fartøyet har vore ambulansebåt for Helse Førde i Flora-bassenget i seinare tid.