Høyring - namnesak 2019/233 Skarheim/Skaret

Klikk for stort bilete

 

Kartverket har oppretta namnesak for eit bruksnamn i Askvoll kommune og ber kommunen legge saka ut på høyring. Høyringsfrist er 1. juli 2019.

Namnesaka vert reist for å avklart rett skrivemåte i offentleg bruk. Saka gjeld Skarheim / Skaret (gard bruk 51/5).

Les brevet frå Kartverket her (PDF, 392 kB)

Eigarar og festarar har rett til å uttale seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til. Eigarane vert tilskrivne.

Kommunen hentar inn og samordnar innspel i saka og sender dette til Stadnamntenesta på Vestlandet. Stadnamntenesta gjev tilråding til Kartverket som har vedtaksmynde. Frist for å kome med innspel i saka er sett til 1. juli 2019.

Innspel kan sendast til: Askvoll kommune, Pb 174, 6988 ASKVOLL eller på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post