Høyring: Handlingsprogram kommunedelplan for idrett og friluftsliv

Opning av klatreparken 2 - Klikk for stort bilete

Kommunestyret vedtok i møte 20.juni å legge utkast til handlingsprogram 2019 i kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet ute på høyring i perioden 1.juli – 15.september.

Kva er handlingsprogrammet?

For å kunne søkje om spelemidlar, er det eit vilkår at anlegget er tatt opp i handlingsprogrammet til kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Planen sitt handlingsprogram skal rullerast kvart år, og rulleringa utgjer grunnlaget for tildeling av spelemidlar.

Framlegg til Handlingsprogram ⇒ (PDF, 90 kB)

Innspel:

Vi inviterer lag og organisasjonar til å komme med innspel til handlingsprogrammet innan
15. september 2018

Innspel sendast skriftleg per e-post til postmottak@askvoll.kommune.no eller per brev til Askvoll kommune, Postboks 174, 6988 Askvoll.

Vi ber om innspel frå lag og organisasjonar som har tiltak/anlegg i handlingsprogrammet eller som ønskjer å få inn anlegg i handlingsprogrammet. Vi ønskjer innspel på følgjande punkt:

  1. Anleggskostnad:
    Kontroller at totalkostnad for anlegget og årlege kostnader for drift av anlegget stemmer med talet som står i handlingsprogrammet.
     
  2. Skal du søkje spelemidlar i 2019?
    Har du anlegg/tiltak i handlingsprogrammet, men ikkje søkt om spelemidlar enno? Gje tilbakemelding om når du planlegg å søkje (2019 eller seinare). Vi ønskjer òg tilbakemelding dersom tiltaket/anlegget ikkje lenger vert realisert.
     
  3. Vi planlegg nytt anlegg/rehabilitering av anlegg som ikkje står i handlingsprogrammet:
    Ved den årlege rulleringa av handlingsprogrammet er det høve for å ta inn anlegg frå uprioritert liste i kommunedelplan eller ta inn nye anlegg som ikkje er del av vedteken plan. Ein føresetnad for å komme inn i det prioriterte handlingsprogrammet er at laget ditt er klar for å kunne søkje spelemidlar i 2019 eller 2020. Meld inn ditt prosjekt til oss innan fristen dersom du held på å planlegge nytt anlegg eller rehabilitering av eksisterande anlegg.
     
  4. Oppdatering idrettsanleggsregisteret:
    Kulturdepartementet har eit eige register på nettsida www.anleggsregisteret.no med opplysningar om anlegg for idrett og friluftsliv i heile landet. Askvoll kommune må oppdatere registeret kvart år og rapportere endringane inn til fylkeskommunen. Dei opplysningane som er registrert i idrettsanleggsregisteret er sentral i tildelinga av spelemidlar. Manglande oppdatering kan bety avslag på spelemidlar, og feilaktige opplysningar i anleggsregisteret kan gjere at Sogn og Fjordane fylke kjem feil ut i anleggsdekning. Dette kan ha konsekvensar for kor mykje spelemidlar Sogn og Fjordane fylke får tildelt.

    Vi ber om at de ser over anleggslista, og sjekker opplysningane for ditt anlegg. For å laste ned anleggslista gå til www.anleggsregisteret.no/finn-anlegg/

    Send oss melding innan høyringsfristen om eventuelle endringar knytt til ditt anlegg eller viss det ligg inn feil opplysningar. Det kan t.d. vere at anlegg ikkje er i bruk lenger, eller grusbaner som har fått kunstgrasdekke.

 

 
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Håkon Loftheim

Rådmann
Telefon : 57730703
Mobil : 91389474
E-post : Send e-post