Hjelp til målretta utvikling av bedrifta?

ørn - Klikk for stort bilete

Spekulerar du på utviklingsmogelegheitene til produkta du tilbyr, eller marknaden du orienterar deg i?
Ser du allereie potensielle mogelegheiter for eksisterande eller nye produkt / tenester, men tek deg ikkje tid til å tenke tanken heilt ut?

Treng du hjelp til å utvikle organisasjonen?                             

Ynskjer du nokon å diskutere med?


Askvoll kommune tilbyr hjelp til å utvikle og realisere nye, og eksisterande, forretningsmogelegheiter.

Tilbodet er ei rådgjevingstjeneste og ein sparringpart for å utarbeide planar for utviklingsprosjekt i bedrifta. Målet er å oppnå auka konkurransekraft, utviklingsevne og lønsemd. 

Kva kan du forvente:

  • Hjelp til å jobbe konstruktivt og strukturert med kartlegging  av utviklingspotensialet
  • Hjelp til å konkretisere utviklingsmogelegheitene i verksemda
  • Hjelp til å søke om finansiering til gjennomføring
  • Kompetanseoverføring frå deltakande konsulent(ar) til bedrifta

Kva må du sjølv  bidra med?

  • Eit definert ønske om utvikling og vekst
  • Eigarskap og forankring til prosessen hos eigarar og i styret
  • Frigjering av tid til å arbeide med prosessen
  • Dagleg leiar må sjølv ta ansvar for prosessen internt i verksemda

 

Er dette interessant for deg og di bedrift?

Kostnadane for hjelp til avklarings- og planleggingsprosessen er den tida du må kunne sette av saman med konsulent, og til eventuelle arbeidsoppgåver mellom arbeidsmøter.

 

Askvoll kommune ynskjer å bidra til å stimulere utvikling og vekst i eksisterande næringsliv i kommunen.

Ta kontakt med Britt Hansen på telefon 94870010, eller send ein e-post til britt.hansen@askvoll.kommune.no om dette høyres interessant ut.
 

Gje fylgjande informasjon:

Bedriftsnamn:

Adresse:

 

Kontaktperson:

Tlf:

E-post:

 

Bransje:

 

Ynskjer hjelp til (sett kryss):

  • Generell gjennomgang, strategi- og forretningsutvikling
  • Marknadskommunikasjon og profilutvikling
  • Digital marknadsføring
  • Leiing og organisasjonsutvikling, her under HMS
  • Produktutvikling
  • Økonomistyring, prising, budsjett
  • Anna:
     

Innovasjon og utvikling er ikkje eit vanleg norsk skippertak, men snarare ein grunnleggande haldning til ein vedvarande prosess som bør vere iverksatt i ei kvar verksemd.

Fann du det du leitte etter?