Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Har du planar om å brenne Jonsokbål?

Klikk for stort bilete 

 

 

Meld inn brenning av jonsokbål

Du treng ikkje å søke om løyve til bålbrenning på jonsokafta, men vi ønsker å ha oversikt over kor det skal vere bålbrenning.

Du kan sende melding på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no med desse opplysingar:

  • bålplass
  • tidspunkt
  • namn på bålansvarleg
     

Tips til trygg bålbrenning

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold.
  • Bålet skal innehalde reint trevirke. Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel.
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke ved behov. Maksimal tilrådd storleik er 3 meter i diameter og 2 meter høgde.
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheita.
  • Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
  • Bålet må vere i god avstand frå bygningar og vegetasjon.
  • Ha egna sløkkemiddel lett tilgjengeleg.
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt sløkt.

Vi minner om at naudnummeret for brann er 110. Vert brannvesenet tilkalla, kan utgiftene bli belasta dei ansvarlege for bålet.

Ha ei god og trygg jonsokfeiring!