Har du lyst til å vere besøksheim, fritidskontakt eller tilsynsførar for HAFS barnevernteneste?

HAFS barnevernteneste søker folk frå Askvoll kommune til å ta på seg oppdrag for barnevernstenesta som besøksheim, fritidskontakt og tilsynsførar.

Kunne du tenkje deg noko av dette, eller kjenner du nokon som du tenkjer kunne passe til dette? Ta kontakt med HAFS barnevernstenesta for ein uforpliktande prat, og meir informasjon.

Besøksheim, kva er det?

Å vere besøksheim inneber å ta imot barn/ungdom éi eller fleire helger i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak til familiar. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim, men vere ein ekstra ressurs for barnet.

Fritidskontakt, kva er det?

Å vere Fritidskontakt innebere å hjelpe familien med praktisk hjelp. Det kan innebere å fylje barn/ungdommar på fritidsaktivitetar, gå på kafé eller gjere andre aktivitetar i lag med barna/ungdommar. Fritidskontakt er eit frivillig hjelpetiltak til familiar. 

Tilsynsførar, kva er det?

Å vere tilsynsførar innebere å reise på heimebesøk til fosterheimar. Samtale med barna og fosterforeldra om kvardagen til barna.

 

Kontaktinformasjon:

Malin Frøholm   

Kontaktperson, HAFS barnevernsteneste 
Telefon: 57 73 80 30 / 95 74 52 31  

 

Rikke Telle Grytøyra

Sekretær, HAFS barnevernteneste
Telefon: 57 73 80 30 / 45 63 71 68