Finn viktig informasjon om:

 

Har du lyst til å arrangere Stolpejakten i Askvoll?

Askvoll kommune har fått midlar frå Vestland fylkeskommune som skal støtte lokale organisasjonar som ønskjer å prøve ut aktivitetskonseptet Stolpejakten.

Kva er Stolpejakten?

Stolpejakten går ut på å finne stolpar som er plassert ulike plassar i nærmiljøet i bygda eller kommunen. Nokre stolpar skal vere lette å finne, medan andre meir vanskeleg. Ein kan registrere stolpane både manuelt, digitalt og via app. Stolpejakten skal vere eit lågterskel aktivitetstilbod, som skal passe for alle, og vere gratis å bruke.

Vil du vere arrangør? 

Stolpejakten har blitt ein populær aktivitet i store delar av landet, og ved utgangen av 2021 var det over 230 000 registrerte stolpejegerar i Norge. Askvoll og Fjaler kommune har saman fått tildelt midlar frå Vestland fylkeskommune til utprøving av Stolpejakten i kommunane våre.

Om du som privatperson eller som medlem av eit frivillig lag ønskjer å arrangere Stolpejakten, ta kontakt for meir informasjon om korleis dette kan gjerast. 

Les gjerne meir på nettsidene til Stolpejakten.

Kontakt folkehelsekoordinator Arve Åsnes for meir informasjon, på epost arve.asnes@askvoll.kommune.no eller 577 30 727.