Har du eller nokon du kjenner det vanskeleg?

To menn på ein utandørs benk sett bakifrå - Klikk for stort bilete Helsedirektoratet

Om du har sjølvmordstankar kan det vere fint å dele desse tankane med nokon andre. Å snakke om sjølvmordstankar kan vere eit viktig steg for å få det betre.

Om du er uroa for nokon andre er det ikkje farleg å spørje, sjølv om det kan vere vanskeleg. Det å snakke om sjølvmordstankar kan redde liv.

På denne sida finn du kontaktinformasjon til hjelperessursar i Askvoll kommune, og til andre tilgjengelege ressursar, både telefonnummer og nettsider. Husk at det viktigaste er at du snakkar med nokon du stolar på.

Ved akutt fare for liv og helse: Ring 113.

Ressursar i Askvoll kommune.

Uansett kven du tek kontakt med i dei kommunale tenestene, vil den du treff på telefonen ha teieplikt.

Askvoll legekontor – 57 73 46 00

Legekontoret tilbyr akutthjelp når det er behov for det. Fastlegen din kan gje råd og hjelp, og kan også sende tilvising til andre i kommunen eller i spesialisthelsetenesta. Legekontoret er ope måndag til fredag frå 8.00 til 15.00.

For meir informasjon om legekontoret sjå her.

Legevakt – 116 117

Om du treng rask hjelp, og ikkje kan vente til legekontoret opnar, kan du ringe legevakt.

Psykisk helse og rus – 930 66 423 (Connie) / 416 21 303 (Solveig)

Du vil treffe ein som jobbar med psykisk helse og/eller rus i kommunen, og som har erfaring med å hjelpe personar i vanskelege livssituasjonar. Dei er tilgjengelege frå måndag til fredag frå kl. 8.00 til 15.00. 

Helsestasjonen – 57 73 46 15

Helsestasjonen har ulike tilbod for born, ungdom og foreldre. Dei har mykje erfaring med å snakke om ting som opplevast vanskeleg, og har kompetanse til å snakke om sjølvmordstankar. Helsestasjonen er open frå måndag til fredag frå kl. 8.00 til 15.00. 

Sjå her for meir opplysningar og kontaktinformasjon til skulehelsetenesta.

Sosialkonsulent, helse og omsorg – 57 73 45 13 / 911 35 969 (Håvard)

Sosialkonsulenten i helse- og omsorgstenesta har også erfaring med å snakke om sjølvmordstankar og vanskelege ting i livet. Du kan ringe måndag til fredag mellom 8.00 og 15.00.

Hjelpetelefonar og chat-tenester.

Vi har fleire nasjonale hjelpetelefonar som du kan ringe til om du treng råd, eller har behov for å lufte vanskelege tankar. Telefonane er døgnopne, og du kan vere heilt anonym. Du kan til dømes ringe:

Mental Helse og Kirkens SOS har også chatte-tenester:

Sjå her for oversikt over fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper

Nyttige lenker.