Fotokonkurranse - VisitAskvoll

Askvoll kommune er vakker og fotogen. Det ser vi også på Facebook og Instagram. VisitAskvoll vil gjerne at du delar dei flotte bilda som du tek og blir med i fotokonkurransen.

Turistinformasjonen www.VisitAskvoll.no er under oppbygging. Sida skal vere til inspirasjon og nytte både før, under og etter eit besøk. Gode foto er essensielt, og vi ynskjer ditt bidrag:

Send inn inntil 5 av dei beste bilda dine. Desse vert ein del av eit bildearkiv som skal brukast til å profilere og marknadsføre Askvoll kommune som reisemål. Vi er på jakt etter foto som viser kva turistar og andre kan sjå, gjere og oppleve. Vi vil gjerne ha bilde som viser folk eller dyr i aktivitet.

3 vinnarar får ein flott Hellekniv i premie.

Reglar:

• Frist for innsending av foto er 3. juni.

• Send til : britt.hansen@askvoll.kommune.no og merk e-postsendinga med Fotokonkurranse.

• Kvar deltakar kan sende inn maksimalt 5 foto med beskrivande bildetekst og signatur.

• Bilda må vere i stor nok oppløysing (minimum 1MB/800px) og helst i jpg-, gif- eller png-format.

• Bilda må vere tekne i Askvoll kommune i 2018/2019.

• Du kan berre delta med bilde du sjølv har fotografert.

• Det er innsendar sitt ansvar å sørge for å få tillating til offentleggjering av eventuelle andre personar på bildet.

• Namn på personar på bildet må vere med dersom personane er identifiserbare.

• Personopplysingar vert lagra i forbindelse med bilde som vert arkivert i Askvoll kommune sitt fotoarkiv.

• Ved bilde av barn må foreldre samtykke på barnet sine vegne inntil barnet er 15 år.

• Askvoll kommune atterheld seg retten til å offentleggjere bilda i forbindelse med omtale av fotokonkurransen, samt til å bruke bilda i eigne kommunikasjonskanalar som turistinformasjon, brosjyremateriell og websider. Fotograf vert kreditert med namn.

Fann du det du leitte etter?