Forskrift om gebyr for sakshandsaming og tilsyn av avløpsanlegg

Innføring av gebyr for søknader om utsleppsløyve og gebyr for tilsyn med separate avløpsanlegg.

Askvoll kommunestyre vedtok 15.12.2021 «forskrift om gebyr for sakshandsaming og tilsyn av avløpsanlegg». Grunnlaget for forskrifta er å kunne ta gebyr for arbeidet med søknadar om nye og endra utsleppsløyve for separate avløpsanlegg, og å føre tilsyn med eksisterande avløpsanlegg.

Frå 01.02.2022 er det med heimel i forskrifta innført desse gebyra (alle gebyra er mva. frie):

Gebyr for søknad om utsleppsløyve for separate avløpsanlegg

Separate avløpsanlegg < 15 pe (personekvivalentar)

kr. 2 500,-

Separate avløpsanlegg ≥ 15 pe (personekvivalentar)

kr. 4 000,-

Årleg gebyr for tilsyn med separate avløpsanlegg:

 

Alle storleikar og tømmefrekvensar

Kr. 150,- pr. år og bueining/bruk*

  • Bruk med fleire bueiningar vert fakturert etter tal på bueiningar

Faktura

Fyrste termin (kr. 25,- pr. bueining/bruk) av det årlege gebyret er oppført på fakturaen utsendt 01.02.2022 for dei aller flesteeigedommar som er gebyrpliktige. Nokre bruk med slamavskiljarar plassert på andre eigedommar kom ikkje med på denne faktureringa, men vil verte oppdatert til fakturering for 2. termin.

Merknad: Tilsynsgebyret gjeld berre eigedommar tilkopla eige eller felles privat  slamskiljar (og liknande som tette tankar og minireinseanlegg). Eigedommar tilkopla kommunale avløpsnett er ikkje omfatta av gebyrplikta. Tilsyn med desse vert dekka av det kommunale avløpsgebyret.

Forskrift om gebyr for sakshandsaming og tilsyn av avløpssanlegg. (PDF, 311 kB)

Bjørn Leon Rusken
Ingeniør
Teknisk drift / Bygg og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 30