Førdepakken - no kan du teikne AutoPASS-avtale

Førdepakken bomstasjonar.JPG - Klikk for stort bilete

Frå 3.oktober 2016 vert det starta innkrevjinga av bompengar på alle innfartsvegane til Førde sentrum

Teiknar du AutoPASS-avtale får du 20 % prosent rabatt ved passering i Førdepakken når bomstasjonane vert sett i drift 3.oktober kl.00:00.

 

Bomstasjonar frå 3.oktober

Innkrevjinga av bompengar skjer i ei retning, inn mot Førde, heile døgnet. Du skal køyre rett igjennom utan å stoppe. Det er ingen myntmaskin eller manuell betaling.

Takstar:

Takstar Førdepakken
 Full prisAvtale 20 % rabatt
Lette køyretøy (t.o.m. 3.500 kg.)2620,80
Tunge køyretøy (f.o.m. 3.501 kg.)4747

Det er to måtar å betale på:

  • AutoPASS-avtale
  • med tilsendt faktura

Har du brikke allereie?

Dersom du har AutoPASS-avtale og brikke frå eit anna bompengeselskap, treng du ikkje å gjere nokon ting. Med denne brikka og avtalen får du automatisk alle fordelane som 20 % rabatt (for køyretøy t.o.m. 3.500 kg.), timesregel og passeringstak ved passering i bomringen i Førde.

Teikne AutoPass-avtale

Du kan teikne avtale med eit valfritt bompengeselskap. Vi anbefaler at du teiknar avtale med Bergen Bompengeselskap AS på www.bomringenbergen.no. AutoPass-brikka kjem i posten, og den skal monterast slik det er skildra i rettleiinga som følgjer med. Du betalar eit depositum for brikka på 200 kroner som kjem på første faktura.
Depositumet refunderast viss du seier opp avtalen og returnerer brikka til selskapet.

AutoPASS-avtale er enklast og billegast

Med AutoPass-brikke får du desse fordelane:

  • AutoPass-avtale gjev 20 % rabatt for køyretøy t.o.m. 3.500 kg.
  • Timesregel (du betalar berre for ei passering per køyretøy per time)
  • Månadstak/passeringstak (du betalar for maks 30 passeringar per køyretøy per månad)
  • Du kan bruke AutoPass-brikka i alle andre AutoPASS-anlegg
  • Du får 10 % rabatt i fleire andre bomstasjonar

Utan AutoPass-avtale må du betale full takst kvar gong du passerar ein bomstasjon. Du må då betale via ein tilsendt faktura.

Fritak for betaling

Desse køyretøygrupper er fritekne for betaling:

  • Passasjerar i alle typar køyretøy
  • Gåande og syklande
  • Motorsyklar og mopedar
  • Køyretøy merka gravferdsfølgje
  • El-bilar og hydrogenbilar med HY-registreringsskilt*
  • Kollektivtransport i rute
  • Uniformerte utrykkingskøyretøy, samt sivile utrykkingskøyretøy i tenesteoppdrag*
  • Rørslehemma med parkeringsløyve som gjeld for minimum to år. Her vert det òg opna for to fritaksbrikker for familiar med born med nedsett funksjonsevne, og refusjon for dei med nedsett funksjonsevne utan eigen bil.

*Fritak krev AutoPass-brikke. Les meir om dokumentasjonskrav på www.fordepakken.no

Meir informasjon

 

 

 

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 26.08.2016 10:57 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering