Fellingsrapport frå hjortejakta i Askvoll kommune 2017

Foto: Hjorteviltportalen - Klikk for stort bilete

Under hjortejakta i 2017 vart det i Askvoll kommune felt 516 hjortar, som gjev eit fellingsresultat på 81,3 prosent av tildelt løyve.

Fellingsrapport 2015-2017
År 2015 2016 2017
Tildelt totalt 629 630 635
Felt hannkalv 50 62 63
Felt hunkalv 40 53 64
Felt hanndyr 1 1/2 år 85 113 106
Felt hunndyr 1 1/2 år 79 74 90
Felt hanndyr eldre 76 77 84
Felt hunndyr eldre 91 86 111
Felt totalt 412 465 518
Fellingsprosent 65,5 73,8 81,6

Fellingsresultatet for 2017 syner ein auke på 51 dyr frå 2016, og heile 104 fleire dyr enn i 2015.

Fallvilt

I tillegg til uttak gjennom ordinær jakt vart det i 2017 avliva 24 hjortar som fallvilt (stort sett påkøyrd av bil). Samanliknar vi dette med tidlegare år vart det i 2016 avliva 13 hjortar som fallvilt, og i 2015 vart det avliva åtte hjortar som fallvilt.

For meir hjortestatistikk kan de vitje: http://www.hjorteviltregisteret.no/Hjort

Publisert av Kjetil Rørstad Nordvik. Sist endra 08.02.2018 10:53
Fann du det du leitte etter?