Fellingskvote for villrein 2019

Sogn og Fjordane vilreinnemnd har fastsett fellingskvote for villrein 2019.

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har i møte 30.04.2019 sak V-19-11, gjort fylgjande vedtak med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt av 8. Januar 2016, § §28 og 29:

Svartebotn villreinområde
Det vert tildelt 23 løyver i Svartebotnen villreinområde. Fellingsløyva vert fordelt på kjønn og alder jfr. § 29, slik: Frie løyver: 10 simle/ungdyr: 7  kalv: 6.

Sunnfjord villreinområde
Det vert tildelt 15 løyver i Sunnfjord villreinområde. Fellingsløyva vert fordelt på kjønn og alder jfr. § 29, slik: Frie løyver: 5 simle/ungdyr: 5  kalv: 5.

Førdefjella villreinområde
Det vert tildelt 10 løyver i Førdefjella villreinområde. Fellingsløyva vert fordelt på kjønn og alder jfr. § 29, slik: Frie løyver: 2 simle/ungdyr: 4  kalv: 4.

Lærdal/Årdal villreinområde
Det vert tildelt 15 løyver i Lærdal/Årdal villreinområde. Heile kvoten vert tildelt som frie løyver etter § 29. Berre ein kategori fellingsløyver vert nytta då kvoten er tildelt på grunn av ekstraordinære tilhøve, der målet er å maksimere verdien av kvart løyve i høve til CWD-testing.

Vest-Jotunheimen villreinområde
Det vert tildelt 40 løyver i Vest-Jotunheimen villreinområde. Løyva vert tildelt etter § 29, 4. ledd slik: Frie løyver: 24 simle: 16. Pga ekstraordinære tilhøve, der målet med jakta er å få ut prøver for CWD-testing, ynskjer ein berre vaksne dyr i uttaket.

 

Nærmare informasjon om vedtaka kan sendast frå villreinnemnda på oppmoding.
Vedtaka kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Evt. klage lyt vere skriftleg og skal sendast til Sogn og Fjordane villreinnemnd.
Eventuell klage sendast til : Sogn og Fjordane villreinnemnd, adr. Siri Bøthun Naturforvaltning, Hovsgranden, 6896 Fresvik.

Fann du det du leitte etter?