Få breva dine rett på mobilen

Digital postkasse mobilbruke.JPG - Klikk for stort bilete

 Skaff deg digital postkasse og få breva raskare - rett på mobilen eller datamaskina di. Digital postkasse er internett sitt svar på din vanlege postkasse. Er du klar til å ta imot posten digitalt?

Gjennomfører kampanje

Askvoll kommune vil at fleire tek i bruk digital postkasse. Derfor set vi i gong ein kampanje for å få fleire til å velje vekk papir. I løpet av dei næraste dagane vil dei som ikkje har oppretta digital postkasse, få ein e-post frå kommunen med ei oppmoding om å gjere dette

I vår kommune er det 708 innbyggjarar som har tatt i bruk digital postkasse, men vi ønskjer å ha med fleire. Sogn og Fjordane er det fylket som har lågast bruk av digital post, og kampanjen går difor ut til alle kommunane i fylket. Her er det eit stort potensiale til å spare både tid og pengar for kommunane.

Fordelane med digital postkasse for deg

  • Du får breva dine raskare enn på papir
  • Breva er tilgjengelege over alt der du har internett
  • Posten vert lagra trygt og du slepp å rote papirbreva vekk
  • Du sparar miljøet med mindre avfall og transport

Kva treng du for å opprette ein digital postkasse?

Du må ha ein personleg, elektronisk ID på høgaste tryggingsnivå, til døme BankID eller BankID på mobil.

Korleis får du digital postkasse?

Du kan velje å bruke Digipost eller e-Boks. Dei er likestilte og oppfyller krava som gjeld for sikker sending av digital post

Opprett Digipost =>

Opprett e-Boks =>

Treng du hjelp til å opprette digital postkasse, eller har andre spørsmål, ta kontakt med Kjetil Rørstad Nordvik på telefon 57 73 07 07 eller e-post Kjetil.Rorstad.Nordvik@Askvoll.kommune.no.

Korleis veit du at det kjem post til deg?

Når du får digital post vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du at noko er sendt til deg. For å lese brevet loggar du deg inn i din postkasse med BankID, MiniID, Buypass eller Commfides.

 

Publisert av Kjetil Rørstad Nordvik. Sist endra 27.11.2017 09:18
Fann du det du leitte etter?