Kva gjer ungdomsrådet?
Askvoll ungdomsråd er eit rådgjevande organ for kommunen, og har rett til å komme med innspel og anbefalingar i alle saker som gjeld ungdoms. Ungdomsrådet skal arbeide for at det skal vere godt å vakse opp i Askvoll kommune, og kan på eige initiativ ta opp saker som ungdom er opptekne av.
Ungdomsrådet har møte ca. 4-5 ganger i året. I tillegg deltek to representantar frå ungdomsrådet kvart år på fylkesting for ungdom.
Kor mange medlemmer har ungdomsrådet?
Ungdomsrådet består av 11 representantar: 9 ungdommar frå ungdomsskulane i kommunen og 2 ungdommar frå vidaregåande skule. Representantane i Askvoll ungdomsråd må vere heimehøyrande i Askvoll kommune.
Ungdomsskulane i kommunen har valgt sine representantar. Men vi manglar to ungdommar frå vgs-skole (med 2 vara).
Ungdomsrådet vert valde for inntil 2 år. Det nye ungdomsrådet skal sitte frå hausten 2021 til hausten 2023. Ungdomsrådet vel sjølv leiar og nestleiar for eitt år om gangen.
Korleis kan du stille til val i ungdomsrådet?
Har du lyst til å stille til val i ungdomsrådet? Då må du sende e-post innan 15.november 2021 til rådgjevar Jeroen van Gangelen på jvg@askvoll.kommune.no. E-posten skal innehalde namn, fødselsdato og kontaktinformasjon (mobilnummer og e-post). Skriv også gjerne litt om kvifor du har lyst til å stille til val i ungdomsrådet.
Kommunestyret vel i møte den 24.november 2021 det nye ungdomsrådet for perioden 2021 - 2023.
Forventningar til dei som vert valt inn
- stille førebud til møta
- følgje opp avtalte oppgåver
- vere ein god representant
Retta du har når du sit i ungdomsrådet
- Rett til fri frå skole/arbeid
- møtegodtgjersle og refusjon av reiseutgifter.
Har du spørsmål?
Viss du lurar på noko om valet eller om det å vere med i ungdomsrådet, kan du ta kontakt med rådgjevar Jeroen van Gangelen på tlf. 57 73 07 05 eller på e-post jvg@askvoll.kommune.no.