Endring av skjenkereglar etter Stortinget sitt fleirtalsvedtak

Illustrasjonsbilete - Klikk for stort bileteFoto frå Folkehelseinstituttet
Frå midnatt natt til fredag 22.januar vert den nasjonale skjenkestoppen delvis oppheva. Askvoll kommune følgjer dei nasjonale retningsliner.  

 

Endringa inneber at alkoholservering vert tillete fram til midnatt. Gjester kan ikkje verte sleppt inn etter kl. 22.00. Alkoholservering kan berre skje i samanheng med matservering.

Ut i frå dagens smittesituasjon er det ikkje grunn for å innføre strengare lokale tiltak, og difor følgjer Askvoll kommune dei nasjonale retningsliner. 

Pressemelding på regjeringen.no: endring av skjenkereglar etter Stortinget sitt fleirtalsvedtak

Artikkelen vert fortløpande oppdatert i tråd med nasjonale føringar.