Eigenberedskapsveka 2024

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap inviterer også i 2024 alle innbyggjarar til å vere med på eigenberedskapsveka. Målet med veka er at innbyggjarar i Noreg skal bli betre førebudd på å klare seg sjølv i ein eventuell krise.

Eigenberedskapsveka er i veke 44, frå 28. oktober til 3. november.

Målet for eigenberedskapsveka i 2024 er å gjere dei nye beredskapsmåla kjent blant innbyggjarane i Noreg. Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) vil sende ut ein brosjyre til alle husstandar i Noreg i løpet av veke 44.

For meir informasjon, sjå DSB sine nettsider.