Eigedomsskattesetelen

Pengar - Klikk for stort bilete Skattesetelen vert sendt ut innan 1. mars. Du vil motta eigedomsskattesetelen i din digitale postkasse. Dersom du har reservert deg vert den sendt per post.

Informasjon

Eigedomsskattesetelen inneheld informasjon om kva eigedomsskatten som er fastsatt for din eigedom i 2018. Beløpet som står på skattesetelen syner kor mykje skatt som skal betalast for heile eigedomen. Dersom det er fleire eigarar på eigedomen, vert eigedomsskattesetelen sendt til eigarrepresentanten. 

Eigedomsskatten vert som tidlegare fakturert saman med andre kommunale avgifter. Desse vert fakturert 4 gongar i året og har forfall 20. mars, 20. Mai, 20. September og 20. November.

Mottak av skattesetelen

Skatteseddelen vert sendt ut digitalt til din digitale postkasse. Du får fyrst ein SMS eller ein e-post med beskjed om at det er komen eit brev til deg som kan hentast i Altinn, eller i din digitale postkasse (t.d digipost.no) om du har valgt dette. Opnar du ikkje brevet i Altinn i løpet av to virkedagar, får du brevet i posten. Dette får du ikkje om du allereie har valgt en digital postkasse.

Skattesetelen med ordinær post

Alle eigarar som har reservert seg mot digital forsending, vil motta brevet i posten. Dei som ikkje har nytta korkje digital postkasse eller Altinn, vil òg få brevet sendt per post. Alle med utanlandsk adresse får òg brevet per post.

Eigedomsskattetaksten

Askvoll kommune nyttar skatteetaten sitt formuesgrunnlag på bustader der denne ligg føre. Askvoll kommune mottek nytt formuesgrunnlag kvart år. Sjå meir om dette på www.skatteetaten.no.

Eigedomar der vi ikkje mottek formuesgrunnlag er det føreteke kommunal takst. Ordinær takst vart utført i 2015. Nye / endra eigedomar vert løpande taksert kvart år ved utskriving av eigedomsskatten.

 

Det er ikkje sendt ut eigedomsskattesetel til eigedomar som har fritak og der eigedomsskatten er under 100 kr.
Ta kontakt dersom du skulle fått skattesetel men ikkje har motteke denne.

Fann du det du leitte etter?