Om utlysinga
Askvoll kommune set kvart år av ein sum pengar til driftstilskot til frivillige ungdomsklubbar/ungdomsarbeid i kommunen. For 2020 var det 50 000 kr. til fordeling.
Grunna koronapandemien har det ikkje vore ei ordinær utlysing av tilskotsordninga, sidan tilskotet mellom anna føreset aktivitet. Dei fleste ungdomsklubbar har hatt lite eller ingen aktivitet i løpet av 2020, men har likevel hatt løpande driftsutgifter. Difor har kommunestyret bestemt at dei unytta midlar frå 2020 skal lysast ut som tilskot for å kompensere for løpande driftsutgifter som ungdomsklubbar har hatt i 2020.
Vilkår for tilskot
Midlane vert lyst ut i tråd med gjeldande retningsliner, men kravet om oversikt over aktivitetar i 2020 med tal deltakarar er ikkje obligatorisk ved denne utlysinga. Ein må derimot kunne dokumentere at organisasjonen har hatt løpande driftsutgifter i 2020 (slik som husleige, straum, etc).
Søknadsskjema
Søknaden skal sendast elektronisk innan 1.mars 2021. Administrasjonen har fått mynde til å handsame søknadene og fordele tilskotet. Oversikt over driftsutgifter i 2020 skal sendast med som vedlegg.
Driftstilskot 2021
For 2021 er det 35 000 kr. til fordeling. Desse midlar vert kunngjort og fordelt i oktober 2021.