Draumeplassen-konkurransen 2019

No kan lag og organisasjonar vinne 100 000 kr. til å realisere sin naturmøteplass

Draumeplassen har som mål at det blir etablert fleire naturmøteplassar i nærnaturen. Møteplassane vil auke folkehelsa, gje læring, skape meistring og spreie smilande naturglede. Draumeplassen vil vere open og tilgjengeleg, og gjerne universielt tilrettelagt

 

Vinn 100 000 kr

Lokale lag og organisasjonar kan no søkje om å bli ein av fem vinnarar, som kvar vil få tildelt 100 000 kroner, samt prosjekthjelp til å realisere sin naturmøteplass.

På nettsida http://www.naturmoteplass.no/ kan ein finne meir informasjon om konkurransen. Sjekkliste for korleis ein søkjer, vil de finne på denne heimesida. Her kan ein også laste ned gratis og ferdige byggjepakkar, som inneheld teikningar, material-lister, budsjett og tips til bygginga.

Søknadsfrist 15. mai

Det er fjerde gong Draumeplassen vert lyst ut i Sogn og Fjordane, og konkurransen i år har søknadsfrist 15. mai.

4H har lang erfaring med å skape naturmøteplassar i samarbeid med lokale aktørar og Gjensidigestiftelsen, og håpet er at konkurransen på sikt vil verte nasjonal

Meir informasjon?

Kontakt Roger Eide, prosjektleiar for Draumeplassen, e-post: roger.eide@4h.no, tlf. 952 50 129

Fann du det du leitte etter?