Dinutvei.no – nasjonal nettportal om vald og overgrep

dinutvei.JPG - Klikk for stort bilete

Dinutvei.no gir oversikt over ulike hjelpetilbod i heile landet. Her finn du også informasjon, fagstoff og spørsmål og svarteneste der du kan stille spørsmål og få svar anonymt eller på e-post

Vald i nære relasjonar, overgrep og voldtekt kan ramme menneske uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva slags hjelp dei kan få eller kvar denne hjelpa finnast. Mange ønsker også meir kunnskap om vald og overgrep.

Vegvisaren gir oversikt og informasjon til dei som har vore utsett  for vold, overgrep og/eller  voldtekt, pårøranda, andre som er bekymra, dei som utøver vald og til fagpersoner.

Dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) på oppdrag fra Justis- og beredskapsdepartementet, og er ein del av regjeringa sin innsats for å forebygge vold i nære relasjoner.

 

 

Fann du det du leitte etter?