Digital postkasse til innbyggjarane

Digital postkasse til innbyggjarane er ei felles løysing som skal nyttast av både stat og kommune, når forvaltninga kommuniserer med innbyggjarar og næringsliv.
Frå og med 1.1.2016 er alle kommunar pålagt å ta i bruk løysinga

 

Logo digipost  - Klikk for stort bilete

For deg som innbyggjar i Askvoll kommune er det viktig at du sjekkar at kontaktinformasjonen din er riktig og at du skaffar deg ein digital postkasse, om du ikkje har dette allereie.
 

Du kan reservere deg

Privatpersonar kan reservere seg dersom dei framleis ønskjer å ta imot post på papir. Dette kan du gjere på norge.no.

Dei som ikkje har oppretta ei digital postkasse til no, eller tidlegare aldri har kommunisert digitalt med forvaltinga – treng ikkje gjere noko som helst dersom dei ikkje ønskjer digital post.

Fordelen med digital postkasse

Med digital postkasse får du

  • samla post frå det offentlege trygt og gratis på ein stad

  • tilgang til posten din kvar og når du vil

  • varsel på SMS eller e-post når du får viktige brev

  • raskare svar og informasjon frå det offentlege

  • lagra all viktig post samla på ein sikker stad

  • spara miljøet og redusert offentlege utgifter

  • post frå private avsendarar på same sted

Kontaktinformasjon

For å kommunisere med deg på nett må det offentlege ha tilgang på riktig mobilnummer og e-postadresse. Du oppdaterar sjølv kontaktinformasjonen din, og du treng berre å oppdatere den ett sted, på norge.no.

Innføring av digital post

Det har fram til i år vore ei gradvis innføring av digital post. No er det frå og med 1.1.2016 krav til om at alle statlege etatar, som framleis i dag sender post på papir, skal ta i bruk løysinga.

Kva må du gjere om du ønskjer å få post elektronisk?

Gå til nettsiden norge.no

Om du ikkje har en elektronisk ID (eID), klikkar du på «Ny bruker av offentlige tjenester på nett»

For å sikre at offentlege har registrert riktig kontaktinformasjon må du gå inn på lenka  «Oppdater kontaktinformasjonen din»

Til slutt klikker du på «Velg digital postkasse» og følgjer instruksjonene der

Gratulerer! No er du ein stolt eigar av ein offentleg, digital postkasse

To leverandørar

Du kan velje mellom to postkasseleverandører: Digipost, som er eigd av posten Norge, og e-boks, som leverer digital postkasse også i Danmark. Direktoratet for IKT og forvaltning (Difi) har laga ein enkel rettleiar på norge.no for korleis du vel og oppretter ein slik postboks. Her kan du også skaffe deg eID, viss du ikkje har det fra før. Det er naudsynt for å kunne få ein digital postkasse.

Askvoll kommune tilrår at de nyttar Digipost si løysing, men det er ikkje eit krav.

Hjelp og rettleiing

Vi gjer merksam på at Askvoll kommune ikkje kan svare på spørsmål knytt til dette, og ber dykk om å bruke rettleiarane til kvart tema, som er å finne på norge.no eller rette spørsmål på e-post til: brukerstotte@difi.no eller ringe 800 30 300.

Sist endra 18.12.2015 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering