Finn viktig informasjon om:

 

Detaljregulering Nordheim - varsel om oppstart av planarbeid


I samsvar med plan- og bygningslova med § 12-8 i plan- og bygningslova vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 - privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er hovudsakleg gnr. 56 bnr. 11 ved Herland på Atløy. Tiltakshavar for planarbeidet er Atløy Invest AS v/Thomas Lervåg. Frist for å kome med innspel er 15.08.2022.


Om planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er tilrettelegging for fleire hyttetomter som ei utviding av allereie eksisterande hyttefelt. Det er planlagt om lag 15 hyttetomter, med tilsvarande størrelse som eksisterande tomter (600-700 m2). 

Varsla planområde er på ca. 105 daa, og kan verte justert seinare i planprosessen. Planavgrensing er vist med raud stipla linje i kartutsnitt. 

Føremålet med planarbeidet, og forslag til planfføremål, er konsekvensutgreidd (KU) i overordna plan, der det vart vurdert at det er små/ingen konflikt. Planarbeidet er dermed vurdert å ikkje utløyse krav om KU.

Sjå kartutsnitt (PDF, 521 kB)

Sjå referat frå oppstartsmøte

Sjå planinitiativ 

Sjå fullstendig annonsetekst  (PDF, 80 kB)
 

Innspel

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult AS, innan 15.08.2022.

Strandgata 15, 6905 Florø eller elektronisk post@ivestconsult.no