Detaljregulering for vassleidning Skorva - Engebø

 Detaljregulering for vassleidning Skorva - Engebø - plangrense - Klikk for stort bilete

Asplan Viak AS vil på vegne av Nordic Mining v/Nordic Rutile AS utarbeide reguleringsplan for vassleidning Skorva – Engebø. Føremålet med planarbeidet er framføring av vassleidning for prosessvatn og drikkevatn frå Skorva i Askvoll til Engebø i Naustdal. Frist for å komme med innspel til planarbeidet er 25. januar 2018.

Publisert av Kjersti Sande Tveit. Sist endra 06.12.2017 av Kjersti Sande Tveit

 

Det vert med dette kunngjort start av reguleringsarbeid, jf. plan- og bygningslova §12-3. Som del av varslinga vert framlegg til planprogram lagt ut til offentleg ettersyn.

Planområdet omfattar omlag 10 km2 land- og sjøareal.

Sjå planområdet (PDF, 297 kB)

 

Nordic Mining ved Nordic Rutile AS er tiltakshavar.

 

Føremålet med planarbeidet er framføring av vassleidning for prosessvatn og drikkevatn frå Skorva i Askvoll til Engebø i Naustdal. Framlegget til planprogram omtalar traséar som skal utgreiast. Kombinasjon av desse kan òg vere aktuelt. Endeleg planområde vil bli tilpassa vald løysing.

 

Kommunane si handsaming av KU-spørsmålet går fram av brev av 17.10.2017 frå Askvoll kommune. Kommunane stiller krav om konsekvensutgreiing. Det er ikkje formelt krav om planprogram. Tiltakshavar har likevel, i samråd med kommunane, valt å utarbeide slikt program - for å få best mogleg avgjerdsgrunnlag.

 

Forslagsstillar si vurdering av om planen kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn

Kommunane si avgjerd iht. om planen kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn og dermed treng konsekvensutgreiing

 

Utval for plansaker i Naustdal kommune godkjende 19.10 i år framlegg til planprogram. Askvoll kommune har valt å handsame framlegget administrativt, og har kome med innspel som no er innarbeidde i størst mogleg grad.

 

Framlegg til planprogram (PDF, 2 MB)

 

Andre relevante utgreiingar:

Skredfarevurdering vassleidning – Engebø (PDF, 6 MB)

Skredfarevurdering vedlegg 1 (foto av Engebøfjellet) (PDF, 219 kB)

Vassforsyning Skorven - Engebø (PDF, 2 MB)

Vassforsyning - vedlegg - oversiktskart (PDF, 6 MB)

 

Dokumenta i oppstartvarselet ligg òg tilgjengeleg på rådhusa.

 

Nærare opplysningar om planarbeidet kan ein få hjå Asplan Viak AS – tlf. 41518863, eller epost leikanger@asplanviak.no.

 

Innspel/merknader til planprogrammet og planarbeidet kan sendast innan 25.januar 2018 til: Asplan Viak as, Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger - eller: leikanger@asplanviak.no.

Innspel/merknader vil bli sende til kommunane som ledd i vidare handsaming av reguleringssaka.

 

Sjå dokument i saka.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering