Detaljregulering for vassleidning Skorva - Engebø – offentleg ettersyn

Framlegg til detaljregulering for vassleidning Skorva - Engebø er lagt ut til offentleg ettersyn fram til 16.05.19.

I samsvar med plan- og bygningslova §12-11 vedtok formannskapet i møte 11.02.19, sak FOR 024/19, å legge framlegg til detaljregulering for vassleidning Skorva - Engebø i Førdefjorden ut til offentleg ettersyn.

Sjå vedtaket til formannskapet.

 

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for vassforsyning til gruvedrift på Engebø i Naustdal kommune. I framlegget til reguleringsplan er det lagt opp til vassuttak ved kraftstasjonen i Skorva i Askvoll kommune, sjøleidningar over Gjelsvika, leidningar i grøft på land over Hegreneset, og sjøleidningar over Førdefjorden til Apalsetneset i Naustdal kommune. Derifrå vert leidningen ført i grøft langs fylkesvegen fram til Engebøfjellet (vestenden av Vevring-tunnelen). Detaljreguleringa omfattar òg omlegging av luftspenn for kraftforsyning til jordkabel, og tilrettelegging for betra vegsystem, ma. fortau langs ein del av fylkesvegen i sentrale delar av Vevring.

 

Sjå framlegget til reguleringsplan:

Plankart - hefte A3 (PDF, 6 MB)

Illustrasjonsplan - hefte A3 (PDF, 6 MB)

Reguleringsføresegner (PDF, 272 kB)

Planomtale (PDF, 4 MB)

ROS-analyse (PDF, 2 MB)

Vedlegg 1 Vassforsyning Skorven - Engebø. Asplan Viak 16.02.17 (PDF, 2 MB)

Vedlegg 2 utgått

Vedlegg 3 Skredfarevurdering. Asplan Viak 08.02.17 (PDF, 6 MB)

Vedlegg 4 Resultat frå marinarkeologiske registreringar. Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum 26.06.18 (PDF, 207 kB)

Vedlegg 5 Rapport frå marinarkeologiske registreringar. Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum 29.06.18 (PDF, 2 MB)

Vedlegg 6 Konsekvensutgreiing kulturminne og kulturmiljø. Asplan Viak 14.12.18 (PDF, 3 MB)

Vedlegg 7 Konsekvensutgreiing naturmangfald på land. Asplan Viak 09.10.18 (PDF, 3 MB)

Vedlegg 8 Mellombels tilbakemelding etter arkeologisk registrering. Sogn og Fj. fylkeskommune 06.07.18 (PDF, 121 kB)

Vedlegg 9 Rapport frå kulturminneregistrering. Sogn og Fj. fylkeskommune 15.06.18 (PDF, 121 kB)

Vedlegg 10 Konsekvensutgreiing for marint naturmangfald. Rådgivende Biologer AS nr.2738 09.10.18 (PDF, 4 MB)

Vedlegg 11 Mogleg vassforsyning til Vevring. Asplan Viak 09.11.18 (PDF, 900 kB)

 

Reguleringsplanen omfattar areal i kommunane Askvoll og Naustdal, og reguleringsplanen skal difor handsamast av begge kommunane, der kvar kommune gjer vedtak for den delen av reguleringsplanen som ligg i eigen kommune.

 

Planframlegget er lagt ut til offentleg ettersyn fram til 16.05.19.

Merknader må sendast til Askvoll kommune, pb. 174, 6988 Askvoll, eller epost postmottak@askvoll.kommune.no, seinast 16.05.19.

Merknader kan òg sendast til Naustdal kommune, sjå meir informasjon på heimesidene deira. Alle innkomne merknader vert handsama samla i begge kommunane.

 

Sjå fleire dokument i saka

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Kjersti Sande Tveit

Plan- og miljøvernleiar
Telefon : 57 73 07 08
E-post : Send e-post