Detaljregulering for Nesavika – vedteken plan

Kommunestyret har vedteke detaljregulering for Nesavika i Stongfjorden.

I samsvar med plan- og bygningslova §12-12 vedtok kommunestyret i møte 23.10.24, sak KOM 079/24, detaljregulering for Nesavika i Stongfjorden.
Føremålet med planen er å fortette hyttefeltet og gjere fleire justeringar i kva som kan byggjast ut. 
Sjå kommunestyrevedtaket.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jfr. plan- og bygningslova §§12-12 og 1-9 og kap. VI i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå kunngjeringa.
Krav om innløysing eller erstatning etter plan- og bygningslova §§15-2 og 15-3 må vere framsette innan tre år etter kunngjeringa.
Eventuell klage må sendast til Askvoll kommune, Askvollvegen 426A, 6980 Askvoll, eller epost postmottak@askvoll.kommune.no.

Sjå vedteken reguleringsplan i kommunen sitt planregister arealplaner.no.

Sjå fleire dokument i saka.

Kjersti Sande Tveit
Plan- og miljøvernleiar
Bygg og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 08