Detaljregulering for gnr. 70 bnr. 6 Nikøy

Detaljregulering gbnr. 70/6 Nikøy - plangrense - Klikk for stort bilete

iVest Consult AS vil på vegne av Nikøy Eigedom AS utarbeide reguleringsplan for gbnr. 70/6 m.fl. på Nikøy i Bulandet. Føremålet er tilrettelegging og utvikling av næringsområde og utviding av området med fylling i sjø. Frist for å komme med innspel til planarbeidet er 7. januar 2018.

 

Publisert av Kjersti Sande Tveit. Sist endra 04.12.2017 av Kjersti Sande Tveit

I samsvar med plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr. 70/6 mfl.. Tiltakshavar for planarbeidet er Nikøy Eigedom AS.

Sjå planområdet (PDF, 240 kB)

 

Formålet med planarbeidet er tilrettelegging av næringsområde der ein stadfestar dagens situasjon og legg til rette for vidare utvikling av verksemder på staden. For dette formålet vil planen blant anna legge til rette for utviding av området med fylling i sjø. Varsla planområde er omlag 56 daa, men det er antatt at endeleg planavgrensing kan bli justert i planprosessen.

Landarealet er i arealdelen av kommuneplanen avsett til areal for bygg og anlegg. Sjøarealet er avsett som Bruk og vern av sjø og vassdrag, generell.

Oversiktskart og utsnitt av kommunedelplan (PDF, 424 kB)

Utsnitt reguleringsplanar (PDF, 338 kB)

 

Det vert vurdert slik at planlagt reguleringsplan ikkje vil legge til rette for tiltak innanfor vedlegg I i forskrift om konsekvensutgreiing, og planarbeidet vert difor vurdert til å ikkje falle inn under §6. Det er også vurdert slik at planen ikkje vil ha vesentlege verknader for miljø eller samfunn, jf. KU-forskifta §§ 8 og 10. Kommunen har med dette som grunnlag vurdert det slik at det ikkje vil vere naudsynt med planprogram og konsekvensutgreiing knytt til planarbeidet.

Forslagsstillar si vurdering av om planen kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn

Kommunen si avgjerd iht. om planen kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn og dermed treng konsekvensutgreiing 

 

Planprosess og tema som skal vurderast særskilt, vart avklara med Askvoll kommune i oppstartmøte den 03.04.2017.  Dette gjeld blant anna; naturmangfald, sjø og strandsone, kulturminne og tryggleik mot naturskade (flaum). Det er blitt utført biologisk undersøking i sjø og på land i område som er aktuelt for utbygging. Dette vil liggje som grunnlag i planarbeidet.

Det vil i tillegg bli utarbeidd ROS-analyse som følgjer planforslaget, der tema som klima/lokalklima/ havnivå/flaumfare mm. kan bli aktuelt å vurdere nærare, også med omsyn til klimaframskrivingar.

 

Dokumenta i oppstartvarselet ligg òg tilgjengeleg på rådhuset og på iVest Consult si nettside www.ivestconsult.no.

Naboar/partar er tilskrive med eige brev.

 

Det kan verte aktuelt med parallelle prosesser for detaljreguleringsplan og byggesak, jf. Plan- og bygningslova §12-15. Nabovarsel vil då bli sendt ut i eige brev til dei partar dette gjeld.

 

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til

iVest Consult AS, Strandgata 15, 6900 FLORØ,

tlf. 976 27 000/ 960 18 986, epost: post@ivestconsult.no

innan 07.01.18.

 

Sjå dokument i saka.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering