Detaljregulering for gnr. 109 bnr. 8 Nærheim – vedteken plan

Kommunestyret har vedteke detaljregulering for gnr. 109 bnr. 8 Nærheim i Nærvika i Førdefjorden.

I samsvar med plan- og bygningslova §12-12 vedtok kommunestyret i møte 30.05.18, sak KOM 026/18, detaljregulering for del av gnr. 109 bnr. 8 Nærheim i Nærvika i Førdefjorden.

Føremålet med planen er å legge til rette for rorbuer, hyttetomter, bubiloppstilling og småbåthamn.

Sjå kommunestyrevedtaket.

 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast , jfr. plan- og bygningslova §§12-12 og 1-9 og kap. VI i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå kunngjeringa.

Krav om innløysing eller erstatning etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vere framsette innan tre år etter kunngjeringa.

Eventuell klage må sendast til Askvoll kommune, pb. 174, 6988 Askvoll, eller epost postmottak@askvoll.kommune.no.

 

Sjå vedteken reguleringsplan:

Plankart (PDF, 2 MB)

Reguleringsføresegner (PDF, 221 kB)

Planomtale (PDF, 2 MB)

Vedlegg 1 Skredfarevurdering (PDF, 18 MB)

Vedlegg 2 Rapport frå kulturminneregistrering (PDF, 5 MB)

 

Sjå fleire dokument i saka

 

 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Kjersti Sande Tveit

Plan- og miljøvernleiar
Telefon : 57 73 07 08
E-post : Send e-post