Detaljregulering for gamle hermetikkfabrikken – offentleg ettersyn

Klikk for stort bilete Framlegg til detaljregulering for gnr. 21 bnr. 11 m.fl. – gamle hermetikkfabrikken i Askvoll sentrum er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 08.01.20 - 19.02.20.

I samsvar med plan- og bygningslova §12-11 vedtok formannskapet i møte 09.12.19, sak FOR 233/19, å legge framlegg til detaljregulering for gnr. 21 bnr. 11 m.fl. – gamle hermetikkfabrikken ut til offentleg ettersyn.

Sjå vedtaket til formannskapet.

 

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for oppføring av bustader og fritidsbustader. Det skal òg leggast til rette for næringsføremål, småbåtanlegg og generell oppgradering av kaiområdet.

 

Planframlegget er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 08.01.20 - 19.02.20 på rådhuset.

Merknader må sendast til Askvoll kommune, pb. 174, 6988 Askvoll, eller epost postmottak@askvoll.kommune.no, og vere kommunen i hende seinast 19.02.20.

 

Sjå framlegget til reguleringsplan:

Plankart (PDF, 1007 kB)

Planomtale (PDF, 8 MB)

Reguleringsføresegner (PDF, 2 MB)

 

Sjå fleire dokument i saka

Kontakt

Kjersti Sande Tveit

Plan- og miljøvernleiar
Telefon : 57 73 07 08
E-post : Send e-post