Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Detaljregulering for FV609 Heilevang – oppstart av planarbeid.

Klikk for stort bilete Vestland fylkeskommune skal i samarbeid med Askvoll og Sunnfjord kommunar i gang med å lage ei detaljregulering for fv.609 mellom Heilevang og Hestvika. Frist for å komme med innspel er 23.08.20.

Føremålet med planarbeidet er å legge grunnlaget for skredsikring av fylkesvegen forbi det utsette fjellpartiet ved Heilevang. Det er tidlegare utarbeidd forprosjekt for strekninga (2016) (PDF, 4 MB), der konklusjonen var at vegen skal sikrast med tunnel. I tillegg til regulering av ny vegtrasé, skal det i planarbeidet setjast av område utanom vegstrekninga som skal nyttast til masselagring, permanente deponi og riggområde for prosjektet. Det skal ikkje gjennomførast tiltak som medfører direkte inngrep i Førdefjorden eller vassdraga i kring.

 

 

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova §12-8. Planen blir utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §12-3.

 

Reguleringsplanen vil ikkje legge til rette for tiltak i vedlegg I, jfr. forskrift om konsekvensutgreiing (KU-forskrifta) §6. Tiltaket går inn under vedlegg II pkt. 10e) og 11k), jfr. KU-forskrifta §8, men det er vurdert at planen ikkje vil få vesentlege verknader for miljø eller samfunn, jfr. KU-forskrifta §10. Ein føresetnad for det er at reguleringsplanen ikkje legg opp til tiltak som medfører at den nasjonale laksefjorden vert påvirka nemneverdig ved utfylling i sjø eller utslepp av finstoff/ureining. Ut frå dette har kommunane konkludert med at det ikkje er trong for utarbeiding av planprogram og konsekvensutgreiing som del av planarbeidet.

 

Vi ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar seinast 23.08.20.

Særskild ønskjer vi attendemelding frå aktørar som kan ha nytte av overskotsmassar frå anlegget.

 

Merknader og synspunkt til oppstart av planarbeidet kan gjevast på følgjande måtar:

  1. via Innbyggjardialog - med kart (Vestland fylkeskommune)
  2. via elektronisk skjema for høyringsuttale (Askvoll kommune)
  3. på e-post:

    postmottak@askvoll.kommune.no

    postmottak@sunnfjord.kommune.no

  4. med vanleg post:

    Askvoll kommune, pb. 174, 6988 Askvoll

    Sunnfjord kommune, pb. 338, 6802 Førde

 

Alle innkomne merknader vert handsama samla i begge kommunane i lag med fylkeskommunen.

 

Ved spørsmål, ta kontakt med planprosjektleiar Otto Eikeset på tlf. 91 14 36 76 eller e-post otto.eikeset@vlfk.no .

 

Sjå informasjon om fylkesvegprosjektet

 

Sjå kunngjering på Sunnfjord kommune sine heimesider

 

Sjå fleire dokument i saka

Kontakt

Kjersti Sande Tveit

Plan- og miljøvernleiar
Telefon : 57 73 07 08
E-post : Send e-post