Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Datainnsamling frå legevakt- og ambulanseteneste

Klikk for stort bilete

Helse- og omsorgsdepartementet ynskjer å prøve ut ein ny modell for å organiere legevakt i små og mellomstore kommunar. For å måle effekten av den nye oranigseringa treng forskarane i prosjektet informasjon om innbyggarane som bruker legevakt- og ambulanse teneste.

Modellen skal prøvast ut i mellom anna Askvoll.

Difor vil det i perioden 1.februar 2019 til 31.desember 2020 verte samla inn data fra legevakt- og ambulansetjenesten i distriktet. Data som vert samla inn inn gjeld kontakt og bruk av legevakt- og/eller ambulansetjeneste.

Alle data vert sletta etter at prosjektet er avslutta. Regional etisk komite har godkjent innsamling av opplysningane.  Opplysningane vil bli handsama i tråd med reglar om personvern og teieplikt.

Dersom du ikkje ynskjer at opplysningar som gjeld deg skal nyttast i dette prosjektet kan du trekke deg utan å oppgje grunn. 

Det vil i den samme perioden også verte gjennomført frivillige, anonyme brukarundersøkingar.
 

Hvis du har spørsmål eller ikkje ønsker å delta, ta kontakt på:

e-post: assp@norceresearch.no

tlf: 56 10 73 01

 

Mer informasjon om prosjektet, datainnsamling og dine rettar finn du her:

http://uni.no/nb/uni-helse/nasjonalt-kompetansesenter-for-legevaktmedisin/pilot-legevakt/