Dalsfjordveka 4.-13. august 2017

Dalsfjordveka 2017 - Foto: Oddmund Reisæter Haugen  - Klikk for stort bilete

Kulturopplevingar er overskrifta også på årets Dalsfjordveke - som faktisk vert arrangert for 20. gong i 2017

 

Målet med Dalsfjordveka er å løfte større kulturarrangement, skape ein felles identitetog vise fram bredda i kulturlivet i regionen. Vi ønskjer å trekke folk til vår region, og vere med å gje både lokalbefolkning og tilreisande kulturelle opplevingar og aktivitetar.

Krabbefestival på Atløy

I år er fyrste år at Krabbefestivalen på Atløy er ein del av Dalsfjordveka. Dei slår på stortromma med Klypashowet "Med prostata mot stjernene" - men har sjølvsagt òg krabbebord, teinestafett og fleire arrangement retta mot tema.

TiTur Dalsfjorden

Det er merka ti fjelltoppar i Askvoll og Fjaler som du skal registrere deg på appen "SjekkUt" mellom 1.juli og 30.september i samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag - og under Dalsfjordveka er det organisert tur til to av desse toppane. Det vert "Bakkekletten over" på måndag 7.august og Dokka onsdag 9.august. Begge desse toppane har utgangspunkt i Holmedal og før tur til Dokka vert opning av Trollfosbrua med barneteater og historisk vandring.

Kulturvandring og Arnarsonmila

For dei som ynskjer å spasere i roligare tempo er det opning av to kulturvandringsløyper som har vorte etablert i samarbeid med Fjordkysten. Vandringa i Dale vert opna laurdag 5.august og tar utgangspunkt i Jakob Sande og diktinga hans, medan vandringa i Askvoll går i fotspora til målaren Anders Askevold og vert opna tysdag 8.august. For dei som ynskjer større fart, kan ein hive seg med på det aller fyrste Arnarsonmila som er eit løp på 10 km frå Arnarson-statue i Rivedal til dale. Det vert òg barneløp. Det er målgang på desse løpa under torgdagen i Dale.

Gaularspel, Vikingsfestival og Aurefiskefest

Gaular er aktive i år med både Aurefiskefest 10.-12.august og Vikingfestival med Gaularspelet "Kjærleiksaum". Aurefiskefesten finn stad i Viksdagen, Haukedalen og Hestadgrend. Her er det noko både for dei fiskeinteresserte og kulturinteresserte, sidan det vert konsertar fleire stader desse dagane. Osen Gard er base både for Gaularspelet og Vikingfestivalen laurdag 12. og sundag 13.august. Her får ein teater med historisk sus og vert presentert for mat og aktivitetar frå vikingtida.

Kobbeskjerkveld på Haugland

Ein fast tradisjon i Dalsfjordvekeprogrammet er Kobbeskjerkvelden. Veteranbåten Atløy stiller saman med mange andre fine trebåtar - og saman reiser orkester og publikum innover Flekkefjorden og samling ved Kobbeskjeret der Jakob Sande hadde hytte. Her vert det ei fin stund med allsong, diktlesing og god musikk på fjorden. Når ein kjem i land, inviterer sjølvaste Toralv Maurstad til teaterframsyninga "Tordis+Alfred=Toralf" som handlar om Maurstad sin oppvekst med skodespelarforeldre. Sjølv om han er over 90 år så kviler ikkje denne karen på laurbæra.

I tillegg til dette vert det Kystkulturdag på Jensbua, Litteraturpub med Sivert Nesbø, Paneldebatt om stortingsvalet på Holken pub, Dansens dag med seniordans i Askvoll, tordag og gatefest i Dale og ein flott avslutning på veka med Bach-aften i Vilnes kyrkje på Atløy.

For meir informasjon sjå heimesidene til Askvoll, Gaular og Fjaler kommune eller sjå Dalsfjordveka på Facebook. Mange arrangement har òg eige heimesider og facebooksider.

Program Dalsfjordveka 2017 ⇒ (PDF, 3 MB)

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 10.07.2017 09:31 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)
Sjå også (1)
 
 
Login for redigering