Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Covid-19: informasjon til deg som er turist i Askvoll kommune

Klikk for stort bilete

Folkehelseinstituttet tilrår at alle personer med symptomer på covid-19 skal teste seg snarast mogeleg.

Symptom som inngår i testkriteria er nyoppstått luftvegsinfeksjon, feber, hoste, tungpust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, eller sjukdomsfølelse

Meir informasjon om testkriterie finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider.
 

Tinging av time til testing

Ring legesenteret, tlf 57 73 46 00 (mandag - fredag 8-15) om du får luftvegsinfeksjon og har ein av symptoma nemnt over, eller dersom du skulle vere i tvil om du skal testast eller ikkje. Alle treng time for testing.  Testen er gratis. 
Utanom kontortida til legekontoret må du ringe 116 117.

Testing skjer bak legesenteret i eigen bil eller på "luftvegsrommet" med eigen inngang.

 

Generelle smitteverntiltak

  • Hald avstand, minst 1 meter

  • Vask hender ofte og grundig

  • Hald deg isolert viss du er sjuk
     

Viss du har stadfesta smitte med covid-19

Dersom du får stadfesta smitte med covid-19 skal du i isolasjon og blir følgt opp av lokal helseteneste. Du blir isolert i heimen, i helseinstitusjon eller et annet sted kommunen bestemmer.

Ta kontakt med lege (57734600 eller 116117) dersom sjukdommen forverra.
 

Karanteneplikt

Kjem du frå land eller område som har for høg smittespreiing skal du i karantene i 10 døgn frå den dagen du kjem til Norge. Det gjeld desse land/områda: http://www.fhi.no/smittevernreise

Når du skal i karantene er det lov å reise rett til opphaldsstad med planlagt transportmiddel. Unngå nær kontakt med andre til du er heime. Karantenen skal bli gjennomført sammanhengande på eitt stad dei 10 første dagane du oppheld deg i Norge.
 

Meir informasjon

Information in

Sjå ellers også: