Breibandutbygging på Atløy og i Stongfjorden

Graving Askvoll sentrum - Klikk for stort bilete

Informasjon om breibandutbygging på Atløy og i Stongfjorden 

Askvoll kommune har fått tilsagn om tlskot frå Norsk kommunikasjonsmyndighet (Nkom) og Sogn og Fjordane fylkeskommune til å gjennomføre breibandutbygging på Atløy og i Stongfjorden. Tilskotet dekkjer ikkje alle kostnadene. På same måte som fiberutbygging som har vore i Værlandet/Bulandet og i Askvoll sentrum, er ei utbygging avhengig av oppslutnad frå bygdefolket i form av å dekke ein eigenandel i kostnadene.

Velforeiningane i begge grendane er engasjert, og har ansvar for å krevje inn anleggsbidraget. Denne framgangsmåten er vanleg å nytte i kommunar der slik utbygging pågår.  

For utbyggingsprosjektet på Atløy og i Stongfjorden er brukarfinansieringa frå husstandane fastsett til kr. 3 700,- per husstand. Brukarfinansieringa kjem i tillegg til etableringsavgift ved abonnementinngåing som er på kr. 3 990,- og månadleg leige.

I Bunnpris-butikken på Atløy og på kontoret til Norsk Bergsikring i Stongfjorden ligg det ei perm med påmeldingsliste. Fristen for å sette seg på lista er 5.mai 2017.

Dei som ikkje har høve til å skrive seg på lista, kan nytte eit eige skjema og sende den inn direkte til kommunen. Last ned skjemaet, og fyll ut opplysningane. Signert skjema sendast til Askvoll kommune, postboks 174, 6988 ASKVOLL, eller skann inn utfylt skjema og send per e-post til postmottak@askvoll.kommune.no  

Last ned påmeldingsskjema her ⇒ (PDF, 258 kB)

OBS! Alle som ynskjer fiber, må skrive seg på lista (dette gjeld òg dei som tidlegare har skrive seg på på lista for Atløy).

Askvoll kommunestyre skal i møte 24.mai ta ei avgjerd om det vert inngått avtale om breibandutbygging. 

Brukarfinansieringa skal betalast inn til Atløy vel eller Stongjfjorden vel etter at kommunen har inngått avtale om utbygging med leverandøren. Meir informasjon om dette følgjer seinare.

For spørsmål, ta kontakt med representant for bygdelaget (Helene Norstrand på Atløy og Røy Sævik i Stongfjorden), eller med rådgjevar i Askvoll kommune, Jeroen van Gangelen.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post