Brannvesenet sin komfyrvaktkampanje

Har du opplevd brann på komfyren? Kanskje kjenner du nokon som har nettopp det?

 

Komfyrbrann - Klikk for stort bilete I 2016 var det utrykking til 20 komfyrbrannar her i Sogn og Fjordane. I tillegg reknar vi med at det kan ha vore branntilløp som aldri ha blitt varsla til 110.

 

Det har vore stort fokus på eldre som ikkje har tankane med seg når dei lagar mat, og på dei yngre som har vore ute på fest og skal lage seg litt nattmat når dei kjem heim. Men det visar seg og at den normale kvardagen til dei fleste av oss er så full av uromoment at brann oppstår. Lite merksemd på komfyren ein augneblink så kan steikepanna eller kjelen stå i full fyr.

Med ei komfyrvakt så blir straumen kutta til platetoppen dersom det skulle oppstå brann. Komfyrvakta er IKKJE erstatning for røykvarslaren, men ei god hjelp for å hindre at brann på komfyren utviklar seg til ein bygningsbrann.

www.sikkerhverdag.no får du meir informasjon om komfyrvakten.



 

 

 

Fann du det du leitte etter?