Bli med på å ta #1omdagen

Klikk for stort bileteBilete frå Norsk Friluftsliv
#1omdagen er ei oppmoding om å komme seg ut i frisk luft minst ein gong om dagen. Norsk Friluftsliv utfordrar alle i heile landet til å komme seg ut ein tur kvar dag. 
 

Kvifor #1omdagen? 

Vi treng frisk luft for å ha det bra. Mørketid, ein synkande gradestokk og strenge koronatiltak gjer at dørstokken kan kjennast ekstra høg denne vinteren. Det å komme seg ut i frisk luft er viktig både for den psykiske og fysiske helsa vår under koronapandemien. For mange er dei vanlege grunnar for å komme seg ut forsvunne, når dei ikkje lenger reiser til jobb, drar på besøk til venner, til fritidsaktivitetar og liknande. 

Difor vil Norsk Friluftsliv utfordre alle til å komme seg ein tur ut i frisk luft kvar dag. Sjølv om mykje no er stengt, er naturen framleis open, og Norsk Friluftsliv håpar at hugsregelen #1omdagen kan gje mange ein ny grunn og motivasjon til å komme seg ut. Forsking viser at berre 10 minutt i grønne omgjevnader senkar stressnivået, og gjer at vi føler oss betre. Ute er det òg mykje enklare å halde avstand.  
 

Kva er #1omdagen? 

#1omdagen skal vere ei oppmoding om å komme seg ut døra minst ein gong om dagen. Målet er at det skal vere så lågterskel at alle kan gjere det på sin måte. 

"#1omdagen kan være alt fra å sette seg på en benk eller en stubbe og få litt dagslys, til å gå seg en liten tur, eller finne et sted utendørs der du kan nyte kveldsmaten. Her er det bare fantasien som setter grenser", seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv Bente Lier. 

 

Ta utfordringa

I tillegg til å gå ein tur ut kvar dag, oppfordrer Norsk Friluftsliv til å ta eit foto eller ein video og dele dette med #1omdagen – for å inspirere fleire til å ta utfordringa.