Beste video om kulturminne

Vinnerar av kulturminnekonkuransen 1 - Klikk for stort bilete

 

På kommunestyremøte 30. mai vart dei sju bidraga til konkurransen om beste kulturminne kåra.

Kommunestyre fekk sjå alle videoane, og alle bidraga fekk velfortent applaus og bidragsytarane blei feira med kake og brus. Ordførar Ole Andre Klaussen kunne på vegne av juryen dele ut pris på 7000 kr til Bulandet skule for filmen «Tapre kystkvinner», 2000 kr til Atløy skule for filmen «Kulturminne frå Atløy» og 1000 kr til Gjelsvik skule for filmen «Kystkultur og jordbruk».

 

Juryen vurderer alle dei 7 bidraga som gode og er glade for å kunne publisere dei i sin heilheit til publikum:

1. premie: Bulandet skule: Tapre kystkvinner.

Filmen er godt komponert og variert, samtidig som han er stemningsskapande. Han er knytt til eitt bestemt kulturminne som blir grundig presentert både med levande bilete og kommentarar. Den dramatiske historia om dei tapre kystkvinnene vert godt fortalt i denne filmen.

2. premie: Atløy skule: kulturminne frå Atløy.

Filmen er informativ og godt komponert med bruk av film, kommentarar og fagleg bakgrunnsstoff. Sjåarane får her ei grundig innføring i ulike lokale kulturminne på Atløy, og dei blir sett inn i ein kronologisk samanheng på ein god måte.

3. premie: Gjelsvik skule: kystkultur og jordbruk.

Filmen er godt komponert og variert. Han viser mange konkrete eksempel på kulturminne knytt til temaet, og har musikk som passar godt til emnet.

Sjå:  Videoar av alle sju bidraga.  (Må opnast i google chrome)

Fann du det du leitte etter?