Beste video om kulturminne - konkurranse for 6. til 10. trinn ved skulane i Askvoll

Geita fyr - Klikk for stort bilete

Askvoll kommune innbyr med dette til ein konkurranse der elevane på 6. til 10. trinn ved alle skulane i kommunen vert inviterte til å delta. Konkurransen går ut på å lage den beste videoen om eit eller fleire kulturminne som finst innanfor Askvoll kommune sine grenser 

Kva er eit kulturminne?

Som kulturminne reknar vi alt som vert omfatta av kulturminnelova §2: Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til.

Tekniske vilkår

Videoen skal leverast i eit format som kan brukast i sosiale medium, som Facebook, Instagram og liknande. Han skal vere maksimalt 90 sekund lang, og med lyd. Det skal gå fram tydeleg på videoen kven som har laga han.

Bruk av videoar

Askvoll kommune ønskjer å bruke dei videoane som vert med i konkurransen i arbeidet med kulturminneplanen for kommunen. Det betyr at videoane kan verte lagde ut på heimesidene og på facebooksida til kommunen, og at dei kan bli viste på arrangement der kulturminneplanen står på dagsorden. Vi ber om at skulane er merksame på dette når det gjeld personvernomsyn.

Frist

Dei som ønskjer å vere med i konkurransen må sende inn sitt bidrag til kommunen sitt elektroniske postmottak før påske, altså seinast 23. mars 2018. Eposten skal merkast kulturminnekonkurranse.

Jury

Videoane vil bli vurderte av ein jury som består av ordførar Ole André Klausen, Kari Eikenes Helle frå kulturminnegruppa og dei tre som er ansvarlege for arbeidet med kulturminneplan for Askvoll kommune: Geir Grytøyra, Liv Synnøve Andersen og Gaute Losnegård. Juryen skal ha klar resultatet av sitt arbeid slik at premieringa kan skje i god tid før elevane får sommarferie i 2018.

Premiar

Førstepremien i konkurransen er på 7000 kroner. Dersom det er mange gode bidrag vil det også bli utdelt ein andrepremie på 2000 kroner og ein tredjepremie på 1000 kroner.

 

Dersom ein har spørsmål om konkurransen kan ein vende seg til Gaute Losnegård, tlf. 99 44 25 12, gaute.losnegard@enivest.net.

Publisert av Kjetil Rørstad Nordvik. Sist endra 13.03.2018 09:26
Fann du det du leitte etter?