Beste norske 2018-2020

Bli med på landets største lesesirkel!

Måndag 6. september er vi i gang! Lom Folkebibliotek har invitert oss med på "Beste norske 2018-2020". Bli med på landets største lesesirkel og diskuter bøker på Beste norske 2018-2020.

For å delta, ta kontakt med Askvoll bibliotek, telefon 57 73 33 34 eller på e-post: bibliotek@askvoll.kommune.no

Alle som deltek kan bli med på lotteri der ein heldig vinnar får eit helgeopphald på Værlandet Havhotell for to personar fredag-søndag, sommarsesongen 2022.

«Beste norske 2018-2020» er eit prosjekt i regi av Lom folkebibliotek. Fire av våre fremste litteraturkritikarar skal kåre dei 15 beste norske skjønnlitterære utgjevingane frå 2018 til 2020. Bernhard Ellefsen, Anne Merethe K. Prinos, Margunn Vikingstad og Janneken Øverland står for utvalet.

67 bibliotek rundt om i heile landet deltek, og kvar veke frå 6. september til 13. desember blir ei av bøkene presentert av kritikarane.

«Beste norske 2018-2020» er ei vidareføring av klassikar-prosjektet som Lom folkebibliotek gjennomførte i 2019. I dette prosjektet kåra litteraturkritikarane dei 25 bøkene frå 2013-2017 med størst klassikarpotensial. http://lomfolkebibliotek.no/

Prosjektleiarane seier: "Vi håpar at folk rundt om i heile landet blir med på «Beste norske 2018-2020». Det hadde vore stor stas om vi får til landets største lesesirkel der folk kastar seg på og diskuterer bøkene og utvalet. Velkomne med til å lesa den beste, nye norske litteraturen. Helsing Tonje, Merethe og Rita på Lom folkebibliotek.»
 

Linda Strand

Biblioteksjef
Telefon : 57 73 33 34
E-post : Send e-post