Askvoll kommune sin nominasjon til Drømmestipendet 2021

Logo Drømmestipendet - Klikk for stort bileteBilete frå drommestipendet.no  
Askvoll kommune nominerer Silje Myklebust frå Kvammen til Drømmestipendet 2021
 

Silje (18) er aktiv innan musikk og visuell kunst. Ho skriv og framfører ulike låtar under artistnamnet Zilje, og skaper bilete og videoar som ho prøver å innlemme i musikken sin.

 


Gruppa som nominerer i Askvoll kommune er samansatt av kulturskulerektor Mats Systaddal, rådgjevar Jeroen van Gangelen og ordførar Ole Andrè Klausen.

Søknaden er no sendt vidare til den nasjonale juryen som skal dele ut 50 stipend på 30.000 kr i heile Norge.

Stipendet blir delt ut ut i dans, musikk, sirkus, skapende skriving, teater, visuell kunst og open klasse.
Drømmestipendet er et samarbeid mellom Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd. Fra 2021 kan unge kunst- og kulturutøvere mellom 18 og 25 år søke Drømmestipendet.


Les meir om drømmestipendet på drommestipendet.no