Askvoll kommune har fokus på bedriftene!

Alden - Klikk for stort bilete

Askvoll kommune vil sjå på utviklinga dei siste fire åra, og ber næringslivet på nytt om innspel gjennom å kartlegge kor fornøygde bedriftene er med dei kommunale tenestene, med infrastruktur og korleis bedriftene oppfattar samarbeidet med kommunen

Askvoll kommune ynskjer å yte god service til bedriftene i kommunen. I den samanheng vart det gjennomført ei spørjeundersøking i 2012 om kor nøgde bedriftene var med dei kommunale tenestene, infrastrukturen og samarbeidet. Undersøkinga vart fulgt opp med ulike tiltak, og no vil kommunen sjå på utviklinga og ber om innspel frå næringslivet gjennom ei tilsvarande undersøking.

Korleis kan du delta i undersøkinga?

Undersøkinga vert sendt ut elektronisk den 24. august, og vil vere tilgjengeleg til og med 7. september. Alle som har svart på undersøkinga vil få rapporten som summerer opp funna tilsendt. Resultata vert presentert og diskutert i eit ope møte onsdag 21. september.

Det er viktig at mange bedrifter tek del i undersøkinga som vert distribuert via e-post. Du kan og få den tilsendt ved å sende ein e-post med teksten #NÆRINGSVENNLEG KOMMUNE til ruderaas@maximite.no, så får du spørsmåla tilsendt. Alle svara vert handsama anonymt.

Vil du vite meir?

Kontakt gjerne Askvoll Kommune v/ ordførar Frida Melvær på frida.melvaer@askvoll.kommune.no

eller  v/ rådmann Håkon Loftheim på hakon.loftheim@askvoll.kommune.no

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 24.08.2016 09:24