Askvoll bibliotek - sommarles og opningstider

sommarles - Klikk for stort bilete

Askvoll bibliotek har slike opningstider i skulen sin sommarferie:

Måndag 25. juni kl. 10 - 15

Månag 30. juli kl. 10 - 15

Måndag 6. august kl 10 - 15

Måndag 13. august kl 10 - 15

 

Vi minner også om Sommarles 2018 som er ein nettbasert lesekampanje. Alle barn frå 1. til 7. klasse kan vere med. Barna lagar seg ein profil på Sommarles.no. Her registrerer ein alle bøkene ein les, og for kvar lesne side får ein poeng. Etter kvart som ein samlar poeng, kan ein hente kule premier på biblioteket. På Sommarles.no kan ein òg sjå kva vener les, lese den eksklusive sommarlesforteljinga, løyse oppgåver og oppnå digitale trofè.

Kodeord til sommarlesforteljinga "Asbjørn og Astrid i verdsrommet":

KODEORD 1: OPPDRAG

KODEORD 2: ASTRONOM

KODEORD 3: MJØLKEVEGEN

KODEORD 4: RAKETT

KODEORD 5: MARS

KODEORD 6: SVART HOL

KODEORD 7: Kjem måndag 16. juli

 

Nytt kodeord vil bli lagt ut her kvar måndag.  Det er til saman 12 kodeord.  Sommarles avsluttar 31. august.

Biblioteket vil godkjenne bøker og kommentarar digitalt  - heile skuleferien.


God lesesommar frå Askvoll bibliotek.

Fann du det du leitte etter?