Å sykle til skulen

2005 - Klikk for stort bilete

Den viktigaste sykkelopplæringa skjer når vi syklar saman med borna i trafikken.  Sykling er sosialt, skapar fellesskap, gjer betre kjennskap til nærmiljø og skuleveg, gjere borna meir sjølvstendige og er kjekt!

Det finnst inga absolutt aldersgrense for når barn kan syke til skulen.  Her må ein legge trafikkforhold og barna si modning til grunn.  Foreldre bør involvere seg for å lage felles reglar for sykling til skulen. Før elevane får sykle til skulen må dei mestre sykkelen godt.  Dei må ha god balanse, kunne snu hovudet og stanse, gje tegn og kjenne grunnleggande trafikkreglar.  Denne opplæringa får borna best ved at vaksne syklar med dei.  Foreldre/føresette må og passe på at syklane har rett utstyr/er trygge og at borna nyttar hjelm.

Har du først lært å sykle, så gløymer du det aldri!

Det ligg ein stor helsegevinst i å sykle eller gå til skulen!

Sykling er bra for alle - både born og vaksne!

Publisert av Olaug Søreide. Sist endra 19.04.2017