9,2 millionar til utsiktsrydding

Utsiktsrydding - Gildringsneset - Klikk for stort bilete

No kan du søkje om tilskot til utsiktsrydding.  Målet er å betre utsikt og fremje verdiar knytt til kulturlandskapet i landbruket. Fylket har fått ei ramme på 9,2 millionar kroner som skal fordelast i 2017, og søknadane vert handsama fortløpande.

Gjengroing av kulturlandskap og vegkantar er ei aukande utfordring mange stadar i Norge.  Difor er det etablert ei ordning med tilskotsmidlar til utsiktsrydding.

Tilskota skal gå til gjengrodde areal som grensar inn til ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt, og som ved rydding gjev utsikt til eit større kulturlandskap. Det kan innvilgast inntil 70% av godkjende utgifter.

Alle føretak som er registrert i Einingsregisteret og som ønskjer å rydde vegetasjon for å auke utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt kan søkje på ordninga. Dersom søkjar ikkje er grunneigar eller rettshavar, må det føreligge skriftleg løyve til tiltaket frå desse. Søkjarane skal sende søknaden til kommunen der tiltaket skal gjennomførast. Kommunane sender si tilråding til Fylkesmannen, som gjer vedtak om tilskot.

Ta kontakt med Landbruksforvaltninga i kommunen for meir informasjon.

Les meir om tilskotsmidlane og finn søknadsskjema hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Publisert av Linda-Helene Frøholm. Ansvarleg Liv Synnøve Andersen. Sist endra 22.03.2017 10:22
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Søknadsskjema (1)
 
 
Login for redigering