Vedtak
I samsvar med plan- og bygningslova § 11-13 vert planprogram for kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv fastsett med følgjande endringar:
• Nytt avsnitt under pkt. 3.2:
Universell utforming inneber at alle kan bruke området til området sin hovudfunksjon. I planarbeidet bør det difor vere fokus på universell utforming både ved idrett og anlegg, friluftsliv, kulturbygg og generelt for allmenn tilgjengelegheit.
• Nytt avsnitt under pkt. 3.2:
I Askvoll kommune sin revisjon til samfunnsdelen av kommuneplanen har ein som mål at Askvoll skal vere eit inkluderande og mangfaldig samfunn med gode møteplassar. I planarbeidet bør det difor vere fokus på å legge til rette for at møteplassar og fritidsaktivitetar vert tilbod til alle, uavhengig av alder, funksjonsevne, økonomi og kulturell bakgrunn. Samt bidra til breidde og mangfald i idretts- og kulturtilbodet.
• Ny setning under pkt. 3.2, tredje ledd:
Planen vil òg innehalde ei kartlegging og kart av ro- og padleruter i Askvoll kommune.
• Ny setning under pkt. 3.2, sjette ledd:
I planarbeidet bør det vere fokus på samarbeid mellom kultur og profesjonelle kunstnarar sidan dette er viktig for å styrke den kulturelle og kreative kompetansen
• Nytt punkt 2.5 – Føringar for kultur
Meld. St. 8 (2018-2019) Kulturens kraft – kulturpolitikk for framtida
Meld. St. 18 (2020-2021) Oppleve, skape, dele – kunst og kultur for, med og av barn og unge Meld. St. 15 (2022-2023) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosial helseforskjellar
Relevante regionale føringar:
Regional plan for kultur - «Kultur bygger samfunn», vedteke mars 2023
Handlingsprogram, Regional plan for kultur – «Kultur bygger samfunn»
Anleggspolitikk og kriteria for tildeling av spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Vestland 2020-2024
Strategi for e-sport og gaming i Vestland
Frivilligstrategi for Vestland
Kommunedirektøren får mynde til å setje ned ei arbeidsgruppe for utarbeiding av kommunedelplan.
Behandling
Feil i vedtaket: siste avsnitt må endrast for å vere lovleg.
Røysting med retting av siste avsnitt - samrøystes