Vedtak
Med heimel i pbl. §§ 19-2 vert det gjeve dispensasjon frå byggjegrense mot sjø og kommunal veg, jf. pkt 1.6 a) og h) i føresegnene til kommuneplanens arealdel, godkjent.
Med heimel i pbl. § 21-4 vert søknad om oppsetting av hjortegjerde som skildra i søknaden, godkjent.
Tiltakshavar er sjølv ansvarleg for at tiltaket vert gjennomført i samsvar med plan- og bygningslova, byggteknisk forskrift og gitt løyve.
Vilkår:
- Det må plasserast tilstrekkeleg med grindar slik at tilgangen til og bruk av strandsona innafor gjerdet ikkje blir hindra. Det skal plasserast ei grind mellom sjøen og gbnr. 2/2 og ellers minst to slik at gåande som vil inn på utmarka ved sjøen slepp å gå langs heile gjerdet for dette.
- Dersom det kjem fram eventuelle funn ved gjennomføring av tiltaket har grunneigar/tiltakshavar plikt til straks å gje Vestland fylkeskommune melding, og alt arbeid stansast inntil rette forvaltingsmynde har vurdert/nærare dokumentert funnet, jf. Lov om kulturminne § 8, 2.ledd.
Behandling
Røysting - samrøystes