Vedtak
I medhald av plan- og bygningslova § 19-2 vert det gjeve dispensasjon frå føremålet i arealdelen og pkt. 1.6 i føresegnene som omsøkt.
Den aktuelle strandsona på Eidet er tidlegare utbygd med m.a. sjøbuer og flytebrygge. Det ligg eit bustadhus om lag 28 m frå tiltaket, omsøkte tiltak synes såleis ikkje å skulle plasserast i eit urørt område. Strandsona i dette området synes ikkje å verte ytterlegare privatisert. Strandsona på begge sider er bratt og utilgjengeleg, noko som gjer at det ikkje er ferdsle og friluftsinteresser i området.
I naturbasekart finn ein at området der omsøkt tiltak ligg, ikkje er del av det som er definert som potensielt tilgjengelege strandlinje.
Omsøkte tiltak synes ikkje å vere i konflikt med aktuelle landbruksinteresser. Kommunen er ikkje kjend med at det ligg føre verneinteresser i området. Tiltaka synes ikkje å kome i konflikt med allmenn sjøvegs ferdsel eller sikkerheit.
Tiltaka synes etter ei samla vurdering å medføre fleire fordelar enn ulemper, og synes ikkje å kome i konflikt med omsyna bak føremåla i arealdelen og strandsonevernet. På dette grunnlag finn formannskapet det tilrådeleg å gje dispensasjon til omsøkte tiltak.
I medhald av pbl. § 21-4 og § 14 i lova om hamner og farvatn vert søknad, datert 30.04.2023, godkjent. I medhald av § 16 i lova om hamner og farvatn vert det sett som vilkår at flytebrygge og landgang vert tilstrekkeleg solid utført og vert forankra slik at ein unngår avdrift.
Tiltaka må og plasserast innafor tiltakshavar sine eigedomsgrenser, også i sjø.
Behandling
Det vart røysta over kommunedirektøren sitt framlegg med tillegg
Røysting - samrøystes